Den urbane fjordlandsbyen Sandane Illustrasjon: Haugen/Zohar Arkitekter / Asplan Viak

i

Framtidsvisjonar for den urbane fjordlandsbyen Sandane

06.08.2019

Gjennom parallelloppdraget har kommunen fått gode innspel og konkrete løysningsforslag for korleis utvikle Sandane til ein meir attraktiv og berekraftig tettstad.

Gloppen kommune fekk i 2015 utarbeidd ein sentrumsanalyse og ein flaumanalyse for kommunesenteret. Desse analysane viser at det var ei rekkje utfordringar i Sandane sentrum. Føremålet med parallelloppdraget var å svare på desse utfordringane og finne fram til framtidsskisser og forslag til løysingar for Sandane sentrum. 

Kommunen definerte fire hovudtema for oppgåva som fagteama skulle levere på:

  1. Mobilitet - mjuke trafikantar, bil og parkering.
    Styrke sentrum meir på gåande og syklande sine premisser. Det skal opplevast som trygt og folk skal føretrekke å gå mellom funksjonane i sentrum.

    2. Uterom og møteplasser.
    Sikre ein offentleg fjordpromenade, og styrke kulturallmenningen frå folkemuseet til fjorden. Sandane er ein attraktiv kulturkommune, og dette må vise igjen i sentrumsutviklinga. 
  2. Bustader, næring og fortetting.
    Sjå på Sandane sentrum og kome med forslag til løysingar for bustader, næring og fortetting. Dette med utgangspunkt i Sandane sitt særpreg og at ein vil framstå som ein attraktiv fjordlandsby med nye bustader og næring.

    4. Prosess og gjennomføringsstrategi.
    Gje råd og innspel til korleis planane kunne la seg realisere.

De to fagteamene som ble valgt – Lala Tøyen/Pushak og Haugen/Zohar/Asplan Viak – har gjennom sine forslag og og deltakelse på seminarer gitt lokalsamfunnet og utviklingsaktørarene fagleg påfyll og kunnskap om god og framtidsrettet tettstadutvikling. 

Arbeidsgruppa for parallelloppdraget «Den urbane fjordlandsbyen Sandane» har vært representert ved lokalt næringsliv, politikere og administrasjon. Rollen til arbeidsgruppen har vært å sikre gode lokale prosesser og forankring av prosjektet. Gruppa har jobba tett på evalueringskomitéen og de to fagteama som var engasjert, og på denne måten fått god innsikt i de faglige løsningen som er foreslått.

Norske arkitekters landsforbund v/BYLIVsenteret har vært faglig rådgiver for kommunen i forkant og underveis i gjennomføringen av parallelloppdraget.

 

Last ned evalueringsrapporten

Skjermbilde 2019-08-06 kl. 16.18.11

Last ned evalueringsrapporten (32 MB)