Framtidsvisjonar for den urbane fjordlandsbyen Sandane

Perann Sylvia Stokke , 19.06.2017

Gjennom parallelloppdraget har kommunen fått gode innspel og konkrete løysningsforslag for korleis utvikle Sandane til ein meir attraktiv og berekraftig tettstad.

Gloppen kommune fekk i 2015 utarbeidd ein sentrumsanalyse og ein flaumanalyse for kommunesenteret. Desse analysane viser at det var ei rekkje utfordringar i Sandane sentrum. Føremålet med parallelloppdraget var å svare på desse utfordringane og finne fram til framtidsskisser og forslag til løysingar for Sandane sentrum. 

Kommunen definerte fire hovudtema for oppgåva som fagteama skulle levere på:

1. Mobilitet - mjuke trafikantar, bil og parkering.
Styrke sentrum meir på gåande og syklande sine premisser. Det skal opplevast som trygt og folk skal føretrekke å gå mellom funksjonane i sentrum.

2. Uterom og møteplasser.
Sikre ein offentleg fjordpromenade, og styrke kulturallmenningen frå folkemuseet til fjorden. Sandane er ein attraktiv kulturkommune, og dette må vise igjen i sentrumsutviklinga. 

3. Bustader, næring og fortetting.
Sjå på Sandane sentrum og kome med forslag til løysingar for bustader, næring og fortetting. Dette med utgangspunkt i Sandane sitt særpreg og at ein vil framstå som ein attraktiv fjordlandsby med nye bustader og næring.

4. Prosess og gjennomføringsstrategi.
Gje råd og innspel til korleis planane kunne la seg realisere.

De to fagteamene som ble valgt – Lala Tøyen/Pushak og Haugen/Zohar/Asplan Viak – har gjennom sine forslag og og deltakelse på seminarer gitt lokalsamfunnet og utviklingsaktørarene fagleg påfyll og kunnskap om god og framtidsrettet tettstadutvikling. 

Norske arkitekters landsforbund v/BYLIVsenteret har vært faglig rådgiver for kommunen i forkant og underveis i gjennomføringen av parallelloppdraget.

– Vi roser kommunen for å ta grep i sentrum av Sandane. Deres fokus på møteplasser, boliger og funksjonsblanding i tillegg til å rydde opp i parkeringen er viktige steg på veien mot en attraktiv og bærekraftig fjordlandsby, sier Alf Waage, leder for BYLIVsenteret.

Oppgåveprogram_parallelloppdrag-Sandane-sentrum_versjon4Oppgåveprogram_parallelloppdrag-Sandane-sentrum_versjon4

– Dette gir oss mulegheit å jobbe langsiktig og målretta, med gode grep undervegs, mot ein attraktiv og urban fjordlandsby. Sandane blitt endå meir klar over sine kvalitetar og mulegheiter, og kan utvikle ein tettstad som mange kan bli glad i, sier ordfører i Gloppen kommune og leiar for Gloppen kommune si arbeidsgruppe Leidulf Gloppestad.

Arbeidsgruppa for parallelloppdraget «Den urbane fjordlandsbyen Sandane» har vært representert ved lokalt næringsliv, politikere og administrasjon. Rollen til arbeidsgruppen har vært å sikre gode lokale prosesser og forankring av prosjektet. Gruppa har jobba tett på evalueringskomitéen og de to fagteama som var engasjert, og på denne måten fått god innsikt i de faglige løsningen som er foreslått.

I prosjektperioden fra 16. januar til 29. mars ble det arrangert oppstartsseminar, midtveisseminar og sluttseminar. På midtvegsseminaret vart det arrangert et åpent seminar for kommuner i fylket, for å skape dialog og kunnskapsdeling omkring tettstadsutvikling. På både midtvegs-seminaret og sluttseminaret vart det arrangert opne folkemøte, for å gje innbyggjarar i Gloppen innsikt i framtidsskisser og mulege løysingar frå fagteama.

Hovudfokuset i oppgåva som fagteama fekk, var å synleggjere ein heilskapleg utvikling av sentrumsområdet med ein god sambinding mellom kultur– og handelssentrum. Det primære var å utvikle sentrum meir på gåande og syklande sine premissar, og sjå på nye måtar å bevege seg og bruke sentrum på utan bil. Vegnett og parkering skulle planleggast utifrå det, samtidig som næringslivet sine behov skulle ivaretakast på ein tilfredsstillande måte. Vidare skulle dei syne korleis bygningsstruktur i sentrum kunne vere variert og tettbygd, basert på Sandane sitt særpreg og lokalt klima. Sentrum skal ha uterom og møteplassar som gir liv til sentrum, og gjere det attraktivt å opphalde seg i byromma der omsyn til ver og vind er vektlagt.

Oppdraget skal forankrast hjå politikarane og motivere dei til ei langsiktig utvikling av sentrum. Det skal inspirere utbyggjare og grunneigarar til å ville investere i Sandane sentrum og næringsaktørar til å etablere seg her. Det skal gje innbyggjarane framtidstru og stoltheit for kommunesenteret og sentrum skal vere ein triveleg stad å bu, arbeide og besøke. Den framtidige utviklinga skal ta utgangspunkt i staden sitt landskap, klima og historie, der Sandane som historisk skulestad, landbrukskommune, fjorden, fjordfronten og elva som renn igjennom sentrum er viktige element. Intensjonane er at resultata kan brukast som grunnlag for arbeidet med områdereguleringsplan for Sandane sentrum. Hovudfokus i parallelloppdraget Gloppen kommune definerte innhaldet i parallelloppdraget for Sandane sentrum i «oppgåveprogrammet» som blei lyst ut på Doffin.

lala-sykkel

Det at folk går mellom butikkene, skaper møte mellom mennesker. Ill: Lala Tøyen /Pushak.

snitt allmenningensnitt allmenningensnitt allmenningen

Almenningen med næring og bustader. Illustrasjon: HZA/Asplan viak.

fjordbustaderfjordbustaderfjordbustader

Boliger og takterrasser på Europrisbygget, med trapp ned til friområdet. Ill: Lala Tøyen /Pushak.

snitt fjordbyensnitt fjordbyensnitt fjordbyen

Snitt fjordfront. Illustrasjon: HZA / Asplan Viak.

Evalueringskomiteen sine anbefalingar til Gloppen kommune:

  1. Sats på fjorden sine mulegheiter og kvalitetar.
  2. Oppgrader Sandane for mjuke trafikantar og lag ein samkøyrt parkeringsstrategi.
  3. Sats på kultursentrum, ungdomen og kulturallmenningen.
  4. Ta vare på det unike i Sandane.
  5. Lag ein plan som ivaretek mulegheiter for ny næringsutvikling.
  6. Bygg bustader som bidreg til ein god sentrumsutvikling.
  7. Lag ein tydeleg handlingsplan med prioriterte prosjekt på ulik nivå.

 

Les meir om pararelloppdraget og evalueringskomitéen sine anbefalingar til Gloppen kommune i NAK 482 "Den urbane fjordlandsbyen Sandane" Last ned her (34MB)

Besøk også Gloppen kommunes hjemmeside: www.gloppen.kommune.no

NAK_482 Den urbane fjordlandsbyen Sandane forside(2)